Marie om: Stine Sofies Stiftelse

Stine Sofies Stiftelse; modige, kompromisslause og alltid på borna si side.

I samfunnet har me fleire utfordringar som det er viktig å belyse og tileigne seg kunnskap om. Denne gongen set SPU vald og overgrep mot born på agendaen. Mange opplever tematikken som vanskeleg og utfordrande å prate om; kanskje fordi ein ikkje har nok kunnskap? I Kripos sin kampanje #ikkehemmelig er det eit klart bodskap:

«Det er slik at du ser det ikke før du tror det. Det mennesker som jobber med barn må tørre, er å tro det. For da ser de det» (politiet, 2016).

Kva skal ein sjå etter? Korleis skal ein snakke om temaet? Skal ein tørre å melde frå, sjølv om ein ikkje er heilt sikker? Kva om ein tek feil? – men; «Kva om ein har rett?».
Det beste som kan skje om ein melder i frå, er at ein tek feil, og det verste som kan skje er at ein har rett! Men det er ein ting som er enda verre; at ein har rett, men melder ikkje i frå!

Stine Sofies Stiftelse kjem til Lillhammer 12. februar, i auditorie A, kl 18.00 for å snakke om dette vanskelege og ubehagelege temaet.  Stiftelsen er ei viktig  og modig stemme for borna, og dei jobbar iherdig med å opplyse fagpersonar, foreldre og born i førskulealder gjennom undervising og føredrag. Målet deira er at born skal vite kva som er lov, og kva som ikkje er lov og at alle vaksne skal tore å snakke om vold og overgrep – og tore å melde frå dersom dei er uroa for eit born.

Temaet kan ofte kjennast som eit betent og krenkande samtaleemne, kanskje fordi ein opplever å ha for lite kunnskap og handlingskompetanse. Derfor vil me i SPU sette vald og overgrep på agendaen slik at framtidige yrkesgrupper, som moglegvis skal jobbe med born, kan verte tryggare, meir opplyste og meir kompromisslause i arbeidet mot overgrep.

Foredraget vil ta føre seg kva vald og seksuelle overgrep mot born er, konsekvensen i eit livsløpsperspektiv og kva ein skal sjå etter.  Det blir også presentert konkrete måtar å samtale med born på, både i eit førebyggjande og avdekkande perspektiv. 

Dette er viktig, og det er alle sitt ansvar, ikkje berre som profesjonell yrkesutøvar, men som medmenneskje. Det er dei vaksne som må tileigne seg kunnskap slik at dei blir tryggare og torer å gripe inn!  Om ikkje vi vaksne tek ansvar, kven skal då gjere det?

Marie Vikøren Asperanden, nest-leiar i SPU.

Referanser:
Politiet. (2016). Seksuelle overgrep mot barn. Hentet 02.02.19 fra https://www.politiet.no/rad/overgrep-mot-barn/seksuelle-overgrep-mot-barn/
Stine Sofies Stiftelse (u.å). Dette gjør Stine Sofies Stiftelse. Hentet 03.02.19 fra https://www.stinesofiesstiftelse.no/hva-vi-gj%C3%B8r

Les meir om arbeidet til Stine Sofies Stiftelse her og sjekk ut facebookarrangementet vårt her.

Håpa vi ser deg på psykokvelden 12.februar, viktig at du er der!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s