Hei frå PR-Leiaren

Hei og god morgon!

Eg heiter Thea og var frå hausten av ny leiar for PR-teamet i SPU. Saman med meg i teamet har eg tre flotte jenter, nemleg Bettina, Ingunn og Marthe. Vårt ansvarsområde er promotering og vi held dermed styr på Facebook, Instagram og denne nettsida. I tillegg har vi bildeansvar ved alle arrangement, så om du ser nokon gå rundt på psykokveld eller halloweenfest med eit kamera er det berre å smile!

PR redigert

Vi har blitt ganske gira på å få nettsida på beina igjen og har mykje kule plana. Vi tenkjer blant anna å få ut ein del tips frå tredjeklassingane slik at det vert lettare å vere fyrsteklassing for fyrste gong. Vi skal sjølvsagt også dele fagleg informasjon. Det kjem forhåpentlegvis fleire innlegg både frå førelesarar og tidlegare studentar. For å gjere det lettare å finne tilbake til innlegg har vi starta med kategoriar, dei finn du på høgre side.

Vi har lyst å vise deg mogleikane du som psykologistudent har etter bachelor, for det er faktisk nokså uendeleg mange. Har du forresten sett innlegget som Trine Hanshaugen skreiv om mastergrader i psykologi? Dette vart publisert i januar 2017 så mogleg det er litt endringar, men berre sjå kor mange mogleikar vi har! Psykologimasterar har dei verda over, berre sjå kor mange spennande masterar som blant anna finnast i Frankrike, Italia, Tyskland, Irland og England! Følar du deg klar for arbeidslivet finn du også ei liste på botnen av sida med jobbar ein kan søkje på etter fullført bachelor.

Over til meir PR-relaterte hendingar, vi har fått oss Instagram! Følg oss gjerne på spulillehammer. Alle som følgjer oss der er med i trekninga av nokre kule premiar, meir informasjon om dette får dykk på Instagram mot slutten av veka. Vi vil bruke plattforma for å gje deg oppdateringar på små og store ting som skjer i SPU, og håpa du vil følgje med!

promoFølg oss gjerne også på Facebook når du fyrst er i gong, der har vi nemleg nokon arrangement ute. Onsdag den 24.oktober er det klart for psykokveld med Peder Magnussen! Det gleder vi oss veldig til. Tema er autisme og dette vert ein kveld vel verdt å få med seg.

Onsdagen etter, den 31.oktober på sjølvaste Halloween vert det kostyme, tilfeldig vors, DJ og full fest på Cafe Stift!! Facebookarrangment her, og påmelding til tilfeldig vors her. Fjorårets Halloween-fest var rå, og eg mimra fortsett ofte tilbake til den. Vil du sjå litt bilete frå fjoråret kan du sjekke ut storyen vår på Instagram. Lova rå stemning i år og!

Bonustips: Følg Psykologistudiene ved INN Lillehammer på Facebook, denne styrar ikkje vi, men nokon av forelesarane, gøy å følgje med på dei og. Her er poenget å bli betre kjent med forelesarane og få eit innblikk i deira kvardag.

Thea redigert

Ynskjer du å skrive innlegg på nettsida eller har du ynskjer om kva vi skal skrive om? Send oss ein mail på promotering.spu@gmail.com

Stor klem frå ivrige Thea Hansen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s